Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Brannteikningar

Alle særskilte brannobjekt skal ha teikningar som viser eksisterande branntekniske forhold i bygningen. Dette vil omfatte rømmingsvegar, sløkkeutstyr, ledesystem, branncelleinndeling, brannklassifiserte dører/vindu, sprinkla areal osb. Vi har lang erfaring i å lage slike teikningar, og brukar i all hovudsak VectorWorks 2011 som verktøy. Teikningane kan leverast på papir, som pdf og/eller i dwg-format.

Brannteikningar vil vanlegvis inngå som ein nødvendig del av arbeidet ved utarbeiding av branndokumentasjon og brannteknisk tilstandsanalyse.

Når slike teikningar er utarbeidd er det enkelt å bruke desse til å lage O-planer ved brannalarmsentralen eller oppslag på hotellrom. Det vil også vere lett å halde teikningane oppdatert til ein kvar tid.

3-4 i Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn:

"På alle gjesterom i overnattingssteder skal det være oppslag som angir rømningsveier og forholdsregler ved brann."

Dette er ein forholdsvis enkel jobb når brannteikningane er utarbeidd. Vi lagar vanlegvis tilpassa oppslag for kvart enkelt rom. Dei kan eventuelt leverast plastlaminert og/eller som pdf.

Personvernerklæring

Logg inn